Kva digitaliserer me?

Lydbåndavspiller

AV-materiale

Nye digitaliseringsløyper for lyd og video er utvikla og operative. Digitaliseringsløype for film er neste som skal på plass og motteke materiale blir lagra fram til denne blir ferdig utvikla. Ved spesielle behov kan enkeltobjekt med film bli prioritert inn til digitalisering i eksisterande digitaliseringsløype som elles blir brukt til eige materiale.

Institusjonar me har digitalisert materiale frå

  • Viti
  • Randsfjordmuseet
  • Norsk Teknisk Museum
  • Museene i Akershus (MiA)
  • Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
  • Norsk Lydinstitutt Stavanger
  • Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Mjøsmuseet
  • Helgeland Museum
  • Nordlandsmuseet
  • Samisk språk- og kultursenter
  • Stiftelsen Lásságámmi
  • Ryfylkemuseet
  • Museum Vest
  • NTNU Universitetsbiblioteket
  • Universitetsmuseet i Bergen
  • Telemark Museum
  • Nynorsk Kultursentrum
  • Nordmøre museum
  • Valdresmusea
  • Danseinformasjonen
  • Dønna bibliotek
  • Museum Stavanger
  • Oslo Byarkiv

Fotografisk materiale

Digitaliseringsløypene våre for foto er operative. Me har digitalisert fotografisk materiale frå mellom anna følgjande institusjonar:

  • Museene i Akershus (MiA)
  • Helgeland Museum
  • Arkivverket
  • Svalbardposten
  • Mjøsmuseet
  • Viti
  • NTB
  • Troms og Finnmark fylkesbibliotek
  • Danseinformasjonen
  • Norsk Teknisk museum
  • Anno Museene
  • Moss kommune
  • Universitetsmuseet i Bergen
  • Kraftmuseet
  • Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS
  • Kulturhistorisk museum

Arkivmateriale

For papirbasert arkivmateriale har me førebels berre operativ digitaliseringsløype for arkivmateriale frå Arkivverket, i tillegg til noko eige materiale. For Arkivverket har me digitalisert mellom anna branntaksprotokollar og hovudregisterkort, og er no i gang med landssvikarkivet.

Digitalisering av aviser

Avis

Me har over mange år jobba kontinuerleg med digitalisering av Noregs mest komplette avissamling. Me har per utgangen av 2021 digitalisert 3 706 650 aviser. Du finn dei fleste utgåvene tilgjengeleg i vår teneste på nb.no.

Sjølv om Nasjonalbiblioteket har den mest komplette samlinga av historiske aviser frå Noreg finst det framleis nokre hol i samlinga der me manglar enkelte eksemplar. Desse er me svært interesserte i å overta eller låna for digitalisering.

Har du informasjon om materiale me kanskje manglar i samlinga, ta kontakt på e-post til kulturarv@nb.no.