Kva får de frå oss?

Digitaliseringssatsinga betyr i hovudsak to ting for ABM-institusjonar:

  • Kostnadsfri* leveranse av digitale filer
  • Det digitale materialet blir bevart i omgivnader som sikrar tilnærma «evig liv» for innhaldet.

Tilgangen på digitale filer vil forenkla arbeidet med formidling og tilgjengeleggjering av kulturarvmateriale som elles kunne vorte liggjande utilgjengeleg i magasin rundt om i Noreg.

Dataserver

Ulike filtypar
I digitaliseringsprosessen blir det generert forholdsvis tunge bevaringsfiler. Av erfaring er ikkje alle interesserte i denne typen filer, då dei krev mykje plass og kapasitet. Leveransane frå oss kan derfor like gjerne vera lettare bruksfiler i formidlingskvalitet dersom de heller vil ha det. Den originale fila blir uansett teken vare på under optimale forhold.

Høgteknologisk lagringsteknologi
Digital langtidsbevaring i Nasjonalbiblioteket skjer i form av at det blir lagra fleire ulike kopiar, i god kvalitet, på fleire ulike typar lagringsteknologiar, på ulike fysiske lokasjonar. Lagringsmedia har kortare levetid enn filene, så det skjer kontinuerleg overflytting frå gamle lagringsmedium til nye lagringsmedium.

I framtida vil det også bli gjennomførte migreringar frå filtypar som er i ferd med å bli forelda, til nye filtypar. Slike migreringar vil skje sjeldan, men det er forventa at det må gjerast av og til i løpet av dei hundreåra filene skal leva.

I 2022 stod det nye digitale sikringsmagasinet i Nasjonalbiblioteket ferdig. Det har ein kapasitet på mange hundre petabytes.

Kostnader
Både sjølve digitaliseringa og den digitale langtidsbevaringa blir finansiert av grunnløyvinga Stortinget har gitt Nasjonalbiblioteket. Det kjem derfor ingen kostnader for institusjonane.

*Dei som sender materiale til oss for digitalisering vil likevel måtta betala frakt av materialet til Mo i Rana.

Bevaring av analogt materiale
Viss det er ønskjeleg kan me inngå avtale som inneber at Nasjonalbiblioteket også skal bevara det analoge materialet.