DigitaltMuseum

Skjermbilde forside Digitalt museum

DigitaltMuseum er musea si løysning for presentasjon av digitale samlingar. Tenesta er utvikla og drifta av Kultur-IT, og er støtta av Kulturrådet.

På dei norske musea finst store og spennande samlingar. Tradisjonelt har desse først og fremst vorte presenterte i utstillingane og bøkene til musea. Store delar av samlingane har derfor sjeldan eller aldri vorte vist for publikum.


Målet med DigitaltMuseum er at samlingane til musea skal vera lett tilgjengeleg for alle interesserte, uavhengig av tid og stad. Håpet er at samlingane no enklare skal kunna brukast til biletsøking, fordjuping, studiar, undervisning og felles kunnskapsbygging.


Alle objekt og tilhøyrande informasjon som er publisert på DigitaltMuseum er, i dei fleste tilfelle, henta frå samlingsforvaltningssystemet Primus. Delar av samlingane er publiserte frå andre system. Kva objekt som skal publiserast på nett blir bestemde av kvar enkelt institusjon. Institusjonane er sjølv ansvarlege for at gjelda regelverk blir overhaldne i forhold til rettar og personvern.