Historikk og bakgrunn

Kulturdepartementet gav i juni 2018 Nasjonalbiblioteket i oppgåve å kartleggja audiovisuelt kulturhistorisk materiale i arkiv, museum, bibliotek og private samlingar i Noreg, og forma ut ein plan for digitalisering og bevaring av dette.

Kartlegginga vart ferdigstilt og rapporten presentert i juni 2019.

Kartlegginga vart gjennomført hausten 2018 til våren 2019, blant alle som rapporterer statistikk til Arkivverket og ein del andre verksemder..

Nasjonalbiblioteket skulle følgja opp oppdraget vidare og utarbeidde ein digitaliseringsplan basert på kunnskap og oversikt som låg føre ved årsskiftet 2019/2020.

I kulturbudsjettet til regjeringa for 2020 kom det fram at ein ville styrkja Nasjonalbiblioteket med 87 millionar kroner årleg og oppretta 70 nye stillingar i Mo i Rana knytt til digitalisering av kulturarv.

Lenkjer