Imponerande arbeid i Vestland

Vestland fylkeskommune opna 30. oktober det nye arkivbygget på Leikanger som med om lag 20 000 hyllemeter skal bevara kulturarven i Vestland.

Personer ser på arkivhyller i nyåpnet arkivmagasin
Jonny Edvardsen frå NB var på plass på den offisielle opninga. Til høgre er fylkesvaraordførar i Vestland Stian Davies. Foto: Javad Montazeri/Vestland fylkeskommune

Leiar for Senter for kulturarvdigitalisering, Jonny Edvardsen, vart invitert til den offisielle opninga av det 2141 kvm store bygget. – Det er imponerande det Vestland fylkeskommune får til, seier Edvardsen. Dei nye magasina på Leikanger sikrar god bevaring og lett tilgang til store mengder fysiske dokument.

I tillegg er det tenkt ut gode løysingar for logistikk og materialflyt, noko som er viktig når ein skal handtera ein jamn flyt av materiale på veg inn frå alle delar av fylket.

Dette kombinert med dyktige fagfolk, set Vestland fylke godt i stand til det viktige arbeidet med å dokumentera og ta vare på offentleg og privat kjeldemateriale – til glede både for notida og framtida.

Vestland fylkeskommune er ein av institusjonane som har gått for låneavtale når dei har sendt materiale til digitalisering hos Nasjonalbiblioteket. Det betyr at det fysiske materialet blir returnert etter digitalisering, og no får det optimal bevaring i tilrettelagde omgivnader.

Vi gratulerer!