Nyheter

Skattkiste er opna for Skeivt arkiv

Skeivt arkiv ved UiB har no fått filer tilbake etter å ha sendt audiovisuelt materiale til digitalisering ved NB. Innhaldet har vist seg å gi eit unikt innblikk i ein viktig del av historia.

Mann står bak bokser med materiale i et arkiv og holder frem et spolebånd.
Bastian Danielsen pakka lyd og video for å senda til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. FOTO: Skeivt arkiv.

Skeivt arkiv har kalla det ei tidsreise i lyd og video, sidan materialet gir eit anna innblikk i historia enn det dokument og fotografi kan gjera. Dei er i gang med å gå systematisk gjennom materialet, som skal gjerast tilgjengeleg med dei same atterhald som anna arkivmateriale.

Skeivt arkiv sende materiale til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana i 2022 og har no byrja å få filer frå lyd og video tilbake.

Lydbåndavspiller

Hvordan komme i gang med digitalisering

Start prosessen her