Nyheter

Nye medlemmar i rådgivande utval

Rådgivande utval for kulturarvdigitalisering består av representantar frå institusjonar som er i målgruppa for å få materiale digitalisert av Nasjonalbiblioteket. 

tre medlemmer i rådgivende utvalg foran gullvegg
Ole Aastad Bråten (Valdresmusea), Maria-Carme Torras-Calvo (UiB) og Lene Walle (Vestfoldmuseene) utanfor fjellmagasinet til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

Utvalet vart oppretta i samband med etableringa av Senter for kulturarvdigitalisering i 2020. Utvalet består av leiarar frå arkiv, bibliotek og museum og skal vera eit kontaktpunkt mellom Nasjonalbiblioteket og sektoren som er målgruppa for NBs oppdrag med kulturarvdigitalisering.

Det har i år vore utskiftingar og me har fått inn tre nye medlemmer i utvalet; Maria-Carme Torras-Calvo avdelingsdirektør Universitetsbiblioteket i Bergen, Lene Walle direktør Vestfoldmuseene og Ole Aastad Bråten direktør Valdresmusea.

Me hadde i september gleda av å ha dei på besøk i Mo i Rana for å fortelja om verksemda vår knytt til kulturarvdigitalisering, og dessutan gje dei ei grundig omvisning både i fjellmagasin og på dei ulike digitaliseringsseksjonane. Dei fekk også sjå vår splitter nye AutoStore for mellomlagring av materiale til digitalisering.

Rågivande utval for kulturarvdigitalisering har stort sett to møte i året, eit videomøte og eit fysisk. Neste møte skal vera i november og då møtest me hos Jærmuseet.

Ole Aastad Bråten i trapp foran automatlager med stålkasser
Ole Aastad Bråten i fjellmagasinet.
omvisning av besøkende som ser på oversiden av autostore kasselagringssystem
Omvisning i Nasjonalbiblioteket sin nye AutoStore.