Digital bevaring for musea – neste prosjektfase er i gang

Nasjonalbiblioteket, Kulturdirektoratet og KulturIT avslutta i 2025 eit pilotprosjekt for langtidsbevaring av museas digitale materiale. Resultatet frå piloten var at vidare arbeid vart tilrådd og neste fase av prosjektet er no i gang.

Digitalt sikringsmagasin

Det er IT-teamet Digital bevaring ved NB som er samarbeidspartnar i prosjektet som no har gått vidare til neste fase etter bestilling frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Målet med prosjektet er å få på plass ei løysing som er lett å bruka for kvart enkelt museum, samtidig som ho kan fungera i stor skala. Løysinga skal gjera det mogleg å velja ut og bevara dei digitale bileta til musea på ein mest mogleg automatisert måte.

Tilgangen til tenesta skal regulerast gjennom avtalar mellom Nasjonalbiblioteket og kvart enkelt museum. Det er Senter for kulturarvdigitalisering ved NB som skal vera kontaktpunkt for desse avtalane òg, som ved digitalisering og bevaring av analogt fødd materiale. I løpet av denne prosjektperioden skal rammene rundt standardiserte avtalar og forvaltning av desse komma på plass. Det er førebels framleis berre eit utval test-museum som vil få tilgang til å inngå avtalar.

skisse over datasystem digital bevaring
Skisse over digital bevaring av digitalt fødd materiale – overføring maskin til maskin