Har de lyd som de ønskjer digitalisert? Me tek det gjerne inn no!
Har de lyd som de ønskjer digitalisert? Me tek det gjerne inn no!
Me har god kapasitet på digitalisering av lyd og ønskjer oss meir materiale.
Me har for tida relativt kort kø på lydmateriale og tek derfor gjerne i mot meir materiale. Når me planlegg digitaliseringa jobbar me for å ha ei langsiktig oversikt over kva format som skal digitaliserast. Det må til mellom anna for å vita kva utstyr som trengst.
Når me får materiale til digitalisering krevst det noko tid til klargjering, og det er derfor ein fordel om me får materialet i god tid slik at me får planlagt det inn i produksjonen. I digitaliseringa blir produksjonen planlagd langsiktig og utstyrsparken som trengst må gåast gjennom og riggast opp til bruk.
Akkurat no har me materiale i kø der dei fleste berre må venta i underkant av eit år (ofte nokre månader) før dei har ferdige filer tilbake. Så har de materiale som de ønskjer digitalisert, men som endå ikkje er sende av garde, kan det derfor vera fint å få det gjort no! Det krevst litt forarbeid med merking og pakking, men det går stort sett raskare enn dei fleste trur når ein først set i gang.
Les nærare om forarbeidet og ta kontakt for å starte prosessen no!
