Rådgivande utval på Jæren
I november hadde rådgivande utval for kulturarvdigitalisering årets fysiske møte. Denne gongen var Jærmuseet vertskap for samlinga som gjekk over to dagar.
I forslag til statsbudsjett ligg det inne ein auke til NB på 20 millionar kroner for bruk til oppskalering av digitaliseringsaktivitetane i Mo i Rana. Dette var også tema for årets fysiske møte i rådgivande utval for kulturarvdigitalisering, i tillegg til faste punkt og orienteringar.
Sjølve møtet i rådgivande utval vart halde i lokala til Jærmuseet ved Vitenfabrikken på Sandnes. Etter møtet fekk utvalet omvisning og presentasjon av utstillingar.
På dag to av samlinga fekk utvalet besøkja Garborgheimen og fekk ein fantastisk introduksjon til historia rundt Arne Garborgs barndomsheim. Etterpå var det lunsj og omvisning ved Jærmuseet sin lokalitet Vitengarden.
I tillegg til eit svært vellykka møte baud samlinga på mykje inspirasjon og gode samtalar.