Nyheter

Føretrekte digitale format i NB

Nasjonalbiblioteket har utarbeidd ei liste med filformat som blir føretrekte i arbeidet med digital bevaring.

Digitalt sikringsmagasin

Det er IT-teamet Digital Bevaring som har utarbeidd ei liste med filformat som blir føretrekte av Nasjonalbiblioteket i arbeidet med digital bevaring. Arbeidet er gjort etter tilrådingar frå dei respektive fagseksjonane ved NB.

Lista omfattar både format Nasjonalbiblioteket produserer sjølv og format som blir mottekne frå andre. Lista inneheld både dei formata som er føretrekte og kva format som er akseptable som vil bli godteke utan konvertering/normalisering. Alle andre format enn dei på lista må blir vurderte før dei eventuelt kan bli aksepterte og gå inn i forvaltninga.

Lista vil bli revidert årleg.