Nyheter

Rogalandsfilm sendt til digitalisering

Madli Hjermann fra Museumstjenesten i Rogaland intervju NRK
Foto: NRK Rogaland

Musea i Rogaland har igjen gått saman om å senda materiale til Mo i Rana for digitalisering. Denne gongen er det film og video som er på veg nordover og torvtaking og kvalfangst er blant titlane dei er spende på å få digitalisert.

Heile seks museum og eit byarkiv har dei siste månadene jobba med merking og registrering av video og film som dei ønskjer å få digitalisert. Mesteparten av materialet skal òg bevarast i fjellmagasinet til Nasjonalbiblioteket når det er digitalisert.

Institusjonane gjekk saman om å frakta materialet til Rana og den 18. oktober køyrde ein bil rundt i Rogaland og samla inn materialet.

NRK Rogaland laga eit innslag om saka du kan sjå her.

Materialet har no komme til Mo i Rana og er klart til vidare registrering og etter kvart digitalisering.