Digitaliseringa går som normalt

Digitaliseringa av kulturarven held fram i Nasjonalbiblioteket, sjølv om strenge koronatiltak stadig har ført til avgrensingar i samfunnet.

Digitalisering av lyd

Digitaliseringa av kulturarvmateriale ved Nasjonalbiblioteket har gått føre seg med full styrke stort sett under heile pandemien. Flinke og tilpasningsdyktige tilsette, og gode smitteverntiltak, har ført til at produksjonen for 2021 gjekk som forventa.

Årsrapporten for 2021 er inne i sluttfasen før ferdigstilling og me ser fram til å oppsummera status etter det siste året.

Første del av 2022 skal dei nye fjellmagasina endeleg blir erklærte som offisielt opna. Me gler oss til å ta fatt på jobben med å fylla dei mange hyllekilometrane og tilby optimale bevaringsforhold for den norske kulturarven.

Fjellmagasin under oppføring