Nyheter

Folketeljinga frå 1920 er publisert

Vi gratulerer Digitalarkivet med publiseringa av folketeljinga 1920 som vart gjort tilgjengeleg 1. desember 2020.

Arkivmateriale
Foto: Arkivverket

100 år etter teljinga vart gjennomført vart teieplikta oppheva, og Digitalarkivet kunne publisera skanna versjon av personopplysningar frå 2 757 633 personar som anten høyrde heime i Noreg, eller hadde mellombels opphald i landet det året.

Opplysningar om kvar person vart registrert på ein eigen personseddel, og av dei 2 757 633 skanna sedlane var Nasjonalbiblioteket heldige og fekk oppdraget med å skanna 2 195 193 setlar. Me takkar for at me fekk vera med på dette viktige prosjektet!

Delar av folketeljinga er søkbar på Digitalarkivet, og Arkivverket oppdaterer fortløpande etter kvart som nye kommunar blir gjorde søkbare.