Nyheter

Vil de ha besøk?

foto av fly-sjofly-kystlandskap
Foto: Mittet & Co

Ein av aktivitetane hos oss på Senter for kulturarvdigitalisering er å besøkja ABM-institusjonar landet rundt.

Dette gjer me ofte for å sjå på og diskutera aktuelle samlingar for digitalisering, men me er også opne for meir generelle besøk for å læra meir om kva som skjer innan dei ulike sektorane.

Til no har me stort sett kontakta institusjonar me allereie har eit samarbeid med, men viss nokon gjerne vil ha besøk er det fritt fram. Me kan ikkje lova at me kjem med éin gong, men me har som målsetjing å dekkja heile landet, og då er det gode moglegheiter for at me legg opp reiseruta ut frå kven som ønskjer å få besøk.

Så: vil de ha besøk frå oss, send ein e-post til kulturarv@nb.no, så tek me det derfrå.