Nyheter

Innføring i reglane for korrekt bruk av bilete på nettet

I fleire tilfelle har ABM-institusjonar fått erstatningskrav frå opphavsperson etter å ha posta bilete dei har funne på nett, utan å sikre seg løyve fyrst.

Det er fort gjort å trakke feil når ein skal følgje åndsverklova i praksis. I eit tilfelle hadde ein ABM-institusjon handla i god tru om at biletet dei fann, var til fritt bruk. Biletet viste ikkje noko særmerkt, som person eller stad, og kunne oppfattast som rein illustrasjon. Likevel var det rettar knytt til opphav. Opphavspersonen la fram krav om vederlag i etterkant, og ABM-institusjonen måtte betale.

Sjølv om det i saka kunne vore eit spørsmål om skjønn, hadde ABM-institusjonen verken ressursar eller tid til å stride mot skuldspørsmålet, og valde å betale.

For at andre ABM-institusjonar skal sleppe å hamne i ein liknande situasjon, har vår jurist ved Nasjonalbiblioteket laga ei innføring i bruken av bilete på internett og i sosiale medium. Her finn du dei viktigaste hovudprinsippa innafor åndsverklova, og dei viktigast reglane å vite om.

Knut og Marie Hamsun på bilde av Anders Beer Wilse
Foto frå Nasjonalbibliotekets samling med Public Domain-lisens. Anders Beer Wilse har tatt biletet av Knut og Marie Hamsun.