Nyheter

Me aukar kapasiteten

Digitalisering av lyd for ABM-institusjonar har no komme godt i gang. Våren har vore brukt til å auka bemanninga, og dessutan å utvikla gode system for oppfølging av digitaliseringsaktivitetane.

Hva skal du gjøre?

Me forventar at det kjem inn samlingar frå mange ulike institusjonar i åra framover. Etableringa av eit godt oppfølgingssystem er derfor viktig både i forhold til planlegging, prioritering og konkret oppfølging av samlingane.

Av samlingar det har vore jobba med i vinter er lydsamlinga til Norsk Teknisk Museum truleg den største, men det har også vore digitalisert folkemusikk, opptak frå Noregs musikkhøgskole og ei rekkje mindre samlingar. Dette i tillegg til den ordinære aktiviteten med digitalisering av eldre pliktavleverte radioopptak frå NRK distrikt.

Frå august har me auka kapasitet til å ta imot samlingar til digitalisering på ordinær måte. Institusjonar som har lydmateriale dei ønskjer digitalisert, kan venda seg til NB pr e-post: kulturarv@nb.no